Norsk
Deutsch
English

Hyttene våre

Det er to typar hytter hjå Flø Feriesenter AS. Båe er utstyrte med alt ein kan trenge for eit aktivt eller avslappa opphald.

Du finn ei rein hytte med mykje lys frå store panorama vindauge med sjøutsikt. Like nedanfor finn ein ei flott kvit sandstrand, perfekt for bading om sommaren og gåturar ellers i året. Alle hyttene har komfyr, kjøleskap, frysar, oppvaskmaskin, kaffitraktar, mikrobølgeovn, dusj, kabeltv, bestikk, steintøy, puter og dyner (sengetrekk kan leigast i resepsjonen). Ein finn også vaskemaskin og tørketrommel i sanitærbygget. Bilen kan parkerast rett utanfor hyttene. Der er forskjellige typar båtar til leige i størrelsar frå 13 til 18 fot.

Dersom du har med hund har vi eit hundebur som du kan låne av oss. Enkelte av hyttene er det ikkje tillatt med hund i. Sei derfor frå i god tid slik at vi kan reservere rett hytte.

Hytte type 1

Var ferdigstilde i 1991 og oppussa i 2007. Desse har 2 soverom med tilsaman 5 sengeplassar. Eit soverom med dobbelseng og 1 soverom med 1,5 seng nede og køyeseng oppe. Nokre av desse 6 hyttene har også hems med liggjeplass for 2.

booking

Hytte type 2

Var ferdigstilde i 1996. Desse har også 2 soverom med same sengeoppsett som i hyttetype 1. I tillegg er det ein loftshems med 2 sengar separert av ein delevegg.

booking

Din eigen båt!

Vi har 4 ulike typar båtar til leige, frå 13 til 18 fot. Hvis du ikkje vil ut med båt, er det også veldig fint å fiske frå stranda eller moloen.

Photos: Per Eide Studio