Norsk
Deutsch
English

Fisking

Flø var tidligare ei bygd der fiske og jordbruk var næringsveien til dei fleste, gjerne i kombinasjon. Og havet utanfor Flø er rikt på fisk av mange slag. Sei, torsk, breiflabb, steinbit, hyse, uer, makrell, pigghå, lyr, kveite, laks, flyndre og mange fleire.

Vi har motorbåtar til leige i størrelsar frå 13 til 18 fot. Fiskeutstyr anbefalar vi at du har med sjølv eller kjøper det når du kjem hit. Er det krise har vi litt utstyr i resepsjonen.
   
Ved sanitærbygget har vi eit praktisk område til å gjere opp fisken, filetere osv. I hyttene er det djupfrysar slik at du kan ta vare på fangsten din. Bur du i telt, vogn eller bil er det mogleg å låne fryseplass hjå resepsjonen, ved ledig kapasitet.

Like nedanfor sanitærbygget, delvis hengande over havna finn ein grillplassen. Der er det ein stor utegrill og sitjeplassar. Ein perfekt plass om fangsten skal tilbereiast utandørs.


Vi minnar om nye restriksjonar på antal kilo fisk per person. Grensa er 15 kg. Dette kan vere filetert fisk.

Mange velgjer å fiske frå moloen, eller frå stranda etter flyndre.

booking

Hvis du foretrekker landjorda..

Naturen på Flø innbyr til mange og varierte aktivitetar. Ein kan ta med seg sekken og gå ein tur opp på fjellet. Etter ca 10 min gange kan ein byrje på ein av dei mange oppstigningane til fjella våre. Det ligg kart over dei forskjellige rutene i alle hyttene. Er du i tvil om kva du skal velje er det berre å spørre.

Photos: Per Eide Studio

Fishing in Flø