Norsk
Deutsch
English

Aktivitetar

Naturen på Flø innbyr til mange og varierte aktivitetar. Ein kan ta med seg sekken og gå ein tur opp på fjellet. Etter ca 10 min gange kan ein byrje på ein av dei mange oppstigningane til fjella våre. Det ligg kart over dei forskjellige rutene i alle hyttene. Er du i tvil om kva du skal velje er det berre å spørre. Der er både krevande og lette ruter.

Vel oppe på fjellet er det fleire fiskevatn med rom for telting. På hausten er det mogleg å plukke bær. Blåbær, tyttebær, molte og krekling. Flø I.L har dessutan orienteringspostar på toppane. Frå dei same toppane har ein utsikt til Sunnmørsalpane på eine sia og på den andre, holmane og havet utanfor.

Havet utanfor Flø kan vere røft, og mange båtar har gjennom tidene gått ned her. Vatnet er reint og klart og det er derfor fine forhold for dykking. Er ein heldig kan ein kanskje finne ein mynt eller liknande frå den store skatten til Akerendam. Ellers er det mykje kamskjell å dykke etter. Om ein ynskjer det kan ein ta kontakt med Ulstein og Hareid dykkarklubb, dei har også ein større båt "Ullaholm" for turar med litt fleire dykkarar.

Det er sjeldan heilt vindstille på Flø og driv ein med brettsegling er det ofte fine forhold for dette. Det har vore arrangert NM i brettsegling her tidlegare. Dei siste åra har mange også byrja med bølgjesurfing frå Midtfløsanden. Ein kan sjølvsagt drive med kiting og wakeboarding også.

Fjella og høgdene over Flø har vore brukt til og kan fint brukast til klatring, buldring, paragliding, hanggliding mm. Det er også tidvis flott terreng til offroading med sykkel.

Sjølv om Flø er ei lita bygd ligg ho ikkje aude til. Til Ålesund tek det tilsaman ca 50 min med bil til Hareid og snøggbåt derifrå. Fuglefjellet Runde ligg ein 45 min. køyretur unna. Til Geiranger tek det ca 3 timar med bil og ferge. Nærmaste handelssenter er Ulsteinvik, dit tek det 10 min med bil.

Om ein ynskjer å sjå samtidskunst kan ein vitje Studio Hugo Opdal som ligg i den gamle skulen på Flø.

booking

Utforsk omlandet

Sjølv om Flø er ei lita bygd ligg ho ikkje aude til. Til Ålesund tek det tilsaman ca 50 min med bil til Hareid og snøggbåt derifrå. Fuglefjellet Runde ligg ein 45 min. køyretur unna. Til Geiranger tek det ca 3 timar med bil og ferge. Nærmaste handelssenter er Ulsteinvik, dit tek det 10 min med bil. Om ein ynskjer å sjå samtidskunst kan ein vitje Studio Hugo Opdal som ligg i den gamle skulen på Flø.

Andreasgarden Gjestetun

Flø Feriesenter sin samarbeidspartner Andreasgarden Gjestetun tilbyr lokal og kortreist mat, og kulturhistorie frå Flø. Oddbjørg Vartdal og mannen Lasse Holstad tek imot mindre grupper i gardstunet sitt.

Større grupper kantakast i mot til uteservering. Mest populær er Oddbjørg si heimelaga fiske-og urtesuppe. Den vert servert saman med heimebaka brød, garden si hylleblomster-saft og i tillegg kaffi og kaker. Serveringa skjer gjerne ute påtunet, med kaffi oppe ved elva og kvernhusa, der dei har eit lunt og vakkert område. Oddbjørg og Lasse vil fortelje om Fløbygda, og om nærliggande turområder i distriktet. Lasse deler også gjerne frå den norske songskatten.

Telefon: +47 416 38 662
E-mail: vartdalo@gmail.com

LES MEIR HER:
andreasgardengjestetun.com

Heimelaga mat

Andreasgarden tilbyr deilig heimelaga mat, som til dømes kjøttsuppe/brensnut, langsteikt lammelår, mòrpølse frå den lokale slaktaren og heimebakte kaker.

Photos: Per Eide Studio

Fishing in Flø