Norsk
Deutsch
English

Båttur til Grasøya Fyr

Besøk den gamle fyrstasjonen og nyt den storslåtte naturen!

Grasøya høyrer til gardane Ytreflø, Midtflø og Indreflø, som har beita øya og og selt gras til andre gardar. I eldre skrifter får vi høyre at Jetmund Saunes i 1620 betalte grasleige med 1 pund fisk.

Grasøya fyr vart bygd i 1886 og plassert i det som også var bustadhuset for fyrvaktarane. Fyrtårnet var bygd i tre og vart skada under eit flyåtak i 1945. Det andre fyrtårnet av støypejern (16 m høgt) vart bygd i 1950 og er det seinaste bygd av denne typen i Noreg. Lampen i fyret fekk då elektrisk kraft frå 2 dieselaggregat. Same året vart det montert radiofyr med rekkevidde på 20 nautiske mil.

Fyret er eit innseglingsfyr gjennom Breisundet til Ålesund og til Storfjorden. Fyret på Runde og Hogsteinfyret på Godøya låg for langt frå kvarandre og utanfor Grasøya ligg Vallabodaneog Golla, farlege skjer ein måtte styre unna. Difor vart f yret på Grasøya bygt.

I 1986 vart fyrstasjonen avbemanna og fekk som den første fyrstasjonen i landet straum frå eit solcellepanel. I tillegg til fyrtårn og bolighus står der maskinhus, uthus og to naust på øya. Ein flott molo er bygd for å lette tilkomsten til Grasøya.

Fyrstasjonen ligg innanfor området som er dekt av Runde naturreservat og er verna etter lov om naturvern. Det har såleis ikkje vore lov å gå påland i fredingsperioden (15. april til 15.). Fuglelivet på øya vart godt ivareteke av fyrvoktarane. I tillegg har fyrstasjonen fyrhistorisk verdi med to generasjonar fyrtårn og er difor også freda etter lov om kulturminne.

Flø Feriesenter har no fått løyve frå Fylkesmannen i Møre og Romsdal til å gå i land i delar av fredingsperioden, frå 1. juli til 15. august.

PRAKTISK INFORMASJON: 

Alle turar er med guide.
Max 12 personar pr tur.
Totaltid med båttur 2,5 til 3 timar.
Båttur frå Flø 10 minutt. Frå Ulsteinvik 20 min.
Turar kan bli avlyst ved dårleg ver.
Tid på dagen vil variere etter flo og fjøre.
Deltakarar må vere fysisk førlege pga adkomst, men turane er ikkje krevjande.
Flytedrakt eller vest er inkludert.
Deltakarar må ha klede etter verforholda.

Kontakt Flø Feriesenter for informasjon:
Tlf (+47) 913 89 024 / flo.feriesenter@tussa.com

     

Besøk fyrstasjonen

Fyret er eit innseglingsfyr gjennom Breisundet til Ålesund og til Storfjorden.