Norsk
Deutsch
English
Moderne og koselige hytter i eit spektakulært landskap
booking

Velkomen!

Den idylliske bygda Flø ligg på ei øy mellom det alpine landskapet og det endelause Atlanterhavet. Forutan vakker natur, byr Flø og omgjevnadane på varierande aktivitetar.

Mange av gjestane våre kjem for det gode fisket, og kvar hytte har sin eigen motorbåt til disposisjon. Fjella omkring Flø har mange stiar for fjellvanding og sykling, og aktivitetar som surfing og kiting er også populært. Flø har forbindelse til fastlandet gjennom undersjøisk tunnell og ferge. Ålesund og Geiranger er kun ein kort dagstur unna, og Ulsteinvik med butikkar, kafear og kjøpesenter er berre ein 10 minutters køyretur unna.

Photos: Per Eide Studio

Hyttene våre

Hytte type 1

Var ferdigstilde i 1991 og oppussa i 2007. Desse har 2 soverom med tilsaman 5 sengeplassar. Eit soverom med dobbelseng og 1 soverom med 1,5 seng nede og køyeseng oppe. Nokre av desse 6 hyttene har også hems med liggjeplass for 2.

les meir

Hytte type 2

Var ferdigstilde i 1996. Desse har også 2 soverom med same sengeoppsett som i hyttetype 1. I tillegg er det ein lofthems med 2 sengar separert av ein delevegg.

les meir

What to do in Flø