![]() |
||||||||||||
|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
|
Flø var tidligare ei bygd der fiske og jordbruk var næringsveien til dei fleste, gjerne i kombinasjon. Og havet utanfor Flø er rikt på fisk av mange slag. Sei, torsk, breiflabb, steinbit, hyse, uer, makrell, pigghå, lyr, kveite, laks, flyndre og mange fleire. Vi har båtar m/motor på feriesenteret. Det fylgjer med ein båt i hytteprisen, bensin må betalast etter forbruk. I tillegg har vi nokre båtar for utleige. Fiskeutstyr anbefalar vi at du har med sjølv eller kjøper det når du kjem hit. Er det krise har vi litt utstyr i resepsjonen. Ved sanitærbygget har vi eit praktisk område til å gjere opp fisken, filetere osv. I hyttene er det djupfrysar slik at du kan ta vare på fangsten din. Bur du i telt, vogn eller bil er det mogleg å låne fryseplass hjå resepsjonen, ved ledig kapasitet. Like nedanfor sanitærbygget, delvis hengande over havna finn ein grillplassen. Der er det ein stor utegrill og sitjeplassar. Ein perfekt plass om fangsten skal tilbereiast utandørs. Vi minnar om nye restriksjonar på antal kilo fisk per person. Grensa er 15 kg. Dette kan vere filetert fisk. Mange velgjer å fiske frå moloen, eller frå stranda etter flyndre.
Krabbe kan ein også få |
Utsikt mot bryggen og havnen. Til høyre fiskevaskeplass
Grillplass |
||||||||||
![]() |
![]() |
![]() |
||||||||||
Copyright © Flø Feriesenter AS 2008 |
||||||||||||